Vi bruker cookies for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår hjemmeside. Ved å bruke nettstedet godtar du bruken av informasjonskapsler. Om informasjonskapsler
Ok
TELEFON 
+47 57 87 69 00
             
ADRESSE
Visnesvegen 15, 6783  STRYN
Historikk
Thor Tenden overtok Stryn Dampskipsekspedisjon i 1947 etter sin bror Ole, som deretter berre tok seg av utkøyring av varer frå verksemda. Hovudaktiviteten var drift av kaia i Stryn med rutebåtar frå Bergen i regi av Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane. Dette utvikla seg videre med lager for formjøl og gjødsel til lokale bønder og sementlager bl.a. til vasskraftutbygging i Ottadalen. Desse lagra krevde videre transport ut frå kaia, og det var naturleg å starte opp med eigen lastebil og Thor Tenden Transport blei starta. Først lokalt, men sidan også over fjellet mot Oslo.

Thor Tenden hadde ikkje sjøl sertifikat for lastebil, men var dyktig til å skape gode relasjonar til kundar og firma på begge sider av Strynefjellet. Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane sin kombinerte gods- og passasjerrute blei nedlagt i 1989 etter mange gode år. M/S Nordfjord 1 var den gang eit symbol for effektiv transport frå Austlandet via Bergen til Nordfjord. Den nye heilårsvegen over Strynefjellet tok over godstrafikken til og frå Nordfjord. Frå den spede start med ein bil på 1950-talet auka biltalet med aktiviteten særleg etter at sonen Rolf Olav Tenden kom tilbake til Stryn i 1974 etter 4 år i Oslo.

Heilårsvegen vart opna i 1978, og etter 10 år var antall lastebiltaer oppe i 20.

Firma Thor Tenden Transport AS var stifta som aksjeselskap i 1987. Firmaet var først i fylket med bulktransport av formjøl, containertransport, spesialtransport m.m. Seinere vart det termotransport innan både kjøtt og fisk.

I 2016 vart bulk-, container- og spesialtransporten skilt ut i eiga selskap – Tenden AS.