TELEFON 
+47 57 87 69 00
             
ADRESSE
Visnesvegen 15, 6783  STRYN
Firmainfo
Thor Tenden Transport AS har 23 laste- og distribusjonsbilar som handsamar kundar i Sogn & Fjordane og Møre syd for Storfjorden. Det er dagleg distribusjon og henting av gods i desse områda.

Gods for utgåande trafikk er typisk ferdigvarer av kjøtt, trapper og vindu samt søppel til forbrenning. Alle bilane går i faste oppdrag over store deler av Noreg til og med Narvik, men vi har kapasitet til ytterlegare gods.

Tenden AS har 7 krok- og bulkbilar samt spesialbil for kadavertransport. Bilane går i fast trafikk for hhv. Norsk Protein AS og Ottadalen Mølle AS. Selskapet blei fisjonert ut frå Thor Tenden Transport AS i 2016.

Begge selskapa blir styrt frå felles kontor på Visnes i Stryn.

Tenden-selskapa har som målsetting «rett bil med rett sjåfør på rett tid og stad» .Selskapa har i dag ein moderne bilpark med rett utstyr tilpassa kunden sine ynskjer og behov. 

Selskapa er opptekne av miljø, og har mellom anna ein null-utsleppsbil med hydrogendrift i bestilling frå USA. Pr. 2018 har selskapa 20 bilar med Euro 6 motor. Dette betyr låge utslepp av farlege gassar og partiklar samt lågt forbruk, noko som kundane enten krev eller set stor pris på.

Tenden set høge krav til sine tilsette og til uniformering av bil og sjåfør. I tillegg følgjer vi nøye opp forbruk og legg vekt på ein defensiv køyrestil langs vegane.