Gods for utgåande trafikk er typisk ferdigvarer av kjøt, trapper og vindu samt søppel til forbrenning. Alle bilane går i faste oppdrag over store deler av Noreg til og med Trondheim, men vi har kapasitet til ytterlegare gods.
Selskapet vert styrt frå Visnes i Stryn.
Tenden-selskapa har som målsetting «rett bil med rett sjåfør på rett tid og stad». Selskapa har i dag ein moderne bilpark med rett utstyr tilpassa kunden sine ynskjer og behov.
Selskapa er sterkt opptekne av miljø. Vi har fokus på miljø og bærekraft og vi har løpande og tett dialog med leverandørene våre. Vi følgjer med på utvikla!
Alle bilane i begge selskapa er utstyrt med Euro 6 motor. Dette betyr låge utslepp av farlege gassar og partiklar samt lågt forbruk.
Vi set høge krav til våre tilsette og til uniformering av bil og sjåfør. I tillegg følgjer vi nøye opp forbruk og legg vekt på ein defensiv køyrestil langs vegane.
Vi er stolte av å kunne seie at vi har ekstremt god kontroll på kvile- og køyretid, samt har ein svært god policy på fart og køyreadferd i trafikken.
1. april 2020 kom Tore Wallestad attende som dagleg leiar i Thor Tenden Transport AS. 1. november 2023 slutta Tore etter eige ønskje.
Frå 1. november 2023 er Håvard Nesje tilsett som dagleg leiar.
Håvard er utdanna fagmekaniker stor bil og jobba 4 år hos Volvo sitt merkeverksted før han starta som sjåfør i TTT 1. juli 2005. Håvard har 19 års erfaring i TTT og dei siste 10 åra ansvar for alt materiell. Dette har han løyst med 50/50 stilling som sjåfør og verksmeister.
Håvard kjenner bransjen og kundane godt, og vi ser fram til god og dyktig leiing framover i ei utfordrande skifte til ny grønn satsing.
Thor Tenden Transport AS har rundt 40 fast tilsette og omset for rundt 100 mill NOK pr år.