Vi søkjer ein terminalmedarbeidar til 100 % fast stilling ved terminalen vår i Stryn. Stillinga omfattar i hovudsak lasting og lossing av bilar, med moglegheit for noko distribusjonskøyring og andre køyreoppdrag ved behov.
Arbeidsoppgåver:
• Lasting, lossing og sortering av gods
• Truckkøyring og varekontroll
• Lokal distribusjonskøyring ved behov
• Orden og tryggleik på terminalen
Vi ønskjer at du har:
• Gyldig truckførarbevis
• Gode norskkunnskapar og grunnleggande engelskkunnskapar
• Førarkort klasse C/CE og YSK er ein fordel
Vi tilbyr varierte arbeidsoppgåver, eit godt arbeidsmiljø og konkurransedyktige vilkår.
Har du spørsmål om stillinga, kan du kontakte Håvard Johan Nesje på telefon: 917 88 281.
Send ein kort søknad og CV til: nesje@tenden.no.
Søknadar blir vurderte fortløpande.