Tenden er ei tradisjonsrik verksemd som har over 70 års erfaring i bransjen. Selskapa har i dag rundt 40 køyretøy og ca 50 tilsette.
Thor Tenden Transport AS har 32 laste- og distribusjonsbilar i tillegg til 10 innleigde bilar som handsamar kundar i Sogn og Fjordane og på Søre Sunnmøre. Det er jamnleg distribusjon og henting av gods i desse områda.
Tenden-selskapa har som målsetting «rett bil med rett sjåfør på rett tid og stad». Selskapa har i dag ein moderne bilpark med rett utstyr tilpassa kunden sine ynskjer og behov.

Thor Tenden overtok Stryn Dampskipsekspedisjon i 1947 etter sin bror Ole, som deretter berre tok seg av utkøyring av varer frå verksemda. Hovudaktiviteten var drift av kaia i Stryn med rutebåtar frå Bergen i regi av Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane.

Tenden set høge krav til sine tilsette og til uniformering av bil og sjåfør. I tillegg følgjer vi nøye opp forbruk og legg vekt på ein defensiv køyrestil langs vegane.
– Vi har ekstremt god kontroll på kvile- og køyretid.
– Vi har en svært god policy på fart og køyreadferd i trafikken.
– Vi følgjer strengt opp lover og regler.

Selskapa er sterkt opptekne av miljø. Vi har fokus på miljø og bærekraft og vi har løpande og tett dialog med leverandørene våre omkring dette emnet. Vi følgjer med på utviklinga! Alle bilane i begge selskapa er utstyrt med Euro 6 motor. Dette betyr låge utslepp av farlege gassar og partiklar samt lågt forbruk.

Tenden har transport Stryn-Oslo/Austlandet, Stryn-Bergen, Stryn-Trøndelag, samt dagleg distribusjon Stryn-Nordfjord/Sunnfjord.

For å gi deg den beste opplevelsen bruker vi informasjonskapsler (cookies) for å lagre og/eller få tilgang til enhetsinformasjon. Samtykke til disse teknologiene gjør det mulig for oss å behandle data som for eksempel bruksmønster eller unike identifikatorer på dette nettstedet. Dersom du ikke samtykker eller trekker tilbake samtykket, kan enkelte funksjoner og tjenester bli påvirket.