Hovudaktiviteten var drift av kaia i Stryn med rutebåtar frå Bergen i regi av Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane. Dette utvikla seg videre med lager for fòrmjøl og gjødsel til lokale bønder og sementlager mellom anna til vasskraftutbygging i Ottadalen. Desse lagera krevde vidare transport ut frå kaia, og det var naturleg å starte opp med eigen lastebil. Og dermed vart Thor Tenden Transport starta. Først lokalt, men sidan også over fjellet mot Oslo.

Thor Tenden hadde ikkje sjølv sertifikat for lastebil, men var dyktig til å skape gode relasjonar til kundar og firma på begge sider av Strynefjellet. Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane sin kombinerte gods- og passasjerrute vart nedlagd i 1989 etter mange gode år. M/S Nordfjord 1 var den gongen eit symbol for effektiv transport frå austlandet via Bergen til Nordfjord. Den nye heilårsvegen over Strynefjellet tok over godstrafikken til og frå Nordfjord. Frå den spede start med ein bil på 1950-talet auka biltalet med aktiviteten særleg etter at sonen Rolf Olav Tenden kom tilbake til Stryn i 1974, etter 4 år i Oslo.

Heilårsvegen vart opna i 1978, og etter 10 år var antal lastebilar oppe i 20.

Thor Tenden Transport AS var stifta som aksjeselskap i 1987. Firmaet var først i fylket med bulktransport av formjøl, containertransport, spesialtransport m.m. Seinere vart det termotransport innan både kjøt og fisk.

I 2016 vart bulk-, container- og spesialtransporten skilt ut i eiga selskap – Tenden AS.

I 2023 tok Håvard Nesje over som dagleg leiar for Thor Tenden Transport AS, medan Rolf Olav Tenden fortsette som dagleg leiar for Tenden AS.

1. januar 2025 kjøpte Tenden AS alle aksjane i Egge Transport. Med på kjøpet fulgte 4 krokbilar i fast arbeid og Knut Håvard Egge (50% eigar av Egge Transport) vart driftsleiar for Tenden AS og Egge AS sine krokbilar.

I 2026 vert alle driftsselskapa slått saman til eitt transportselskap, Thor Tenden Transport AS. Eigarsamansetninga er lik i alle selskap. Samla omsetning for alle selskapa er per 31.12.2025 ca 160 millionar kroner.